Til deg som ønsker å få Ytre Sogn levert i postkasse, og ikkje postboks

Frå nyttår av gjekk Ytre Sogn over frå levering av aviser gjennom eit privat bodselskap til levering via post. Dette grunna at Amedia la ned bodtenestene sine i vårt nedslagsfelt. Endringa til levering via post gjer til at nokre av abonnentane våre opplever leveringsutfordringar, og dette gjeld særleg dei som har både postboks og postkasse.

Posten har kontakta oss i Ytre Sogn og bedt oss om å igjen ta kontakt med abonnentar som både har postboks og postkasse, og som ønsker å få avisa levert i postkassen, men som berre står oppført med postboks i adressefila til Posten som dei går ut frå når dei leverer Ytre Sogn. Mangelen på ei registrert postkasseadresse i deira system fører til at postboda ikkje får opp nokon postkasse å levere papiravisa i.

Vi får ikkje lov til å endre kva adresser du som abonnement står oppført med hos Posten, då det er ei sak mellom Posten og deg.

For å få ordna opp i dette må du derfor sjølv kontakte Posten og få både postboks- og postkasseadressa di registrert på rett måte hos dei, slik at postkassa di dukkar opp i ruteboka til postbodet.

Ein måte du kan gjere dette på er å logge inn på posten.no/adresseendring/min-adresse og sjå kva adresser du har registrert der. Her er det mogleg å legge inn både postboks og gateadresse, og Posten treng då at begge deler er rett registrert for å kunne levere avisa i postkassen.

Slik ser Min Adresse ut inne på posten.no, der du kan gjere endringar i adressene du er registrert med.

Vi håpar derfor at du i første omgang kan sjekke at begge adresser er registrert som dei skal hos Posten, og eventuelt ta kontakt med dei om det er noko feil eller mangelfullt med adressene. Kva adresser du er registrert med hos Posten er altså noko vi ikkje har mynde til å endre.

Om du derimot ønsker å få levert avisa i postboks er det fint om du gir oss ei tilbakemelding på det, for desse avisene må sendast med namn på (noko avisene som blir levert i postkasse ikkje blir).

Du må sjølvsagt og berre ta kontakt med oss om du får problem, så kan vi å gå i dialog med Posten i håp om å få avisleveringa til deg skikkeleg på plass.

Du når oss på e-post hjelp@ytresogn.no eller telefon 57 71 45 90.