Slik loggar du inn på ytresogn.no

Nedst på denne sida finn du tips til kva du kan sjekke om du har problem med å logge inn.
1

Start ved å klikke deg inn på din nettleser. Det finst forskjellege nettleserar, men nokre av dei vanlegaste er Chrome, Firefox, Safari og Edge.

2

Finn adressefeltet øvst i nettlesarvindauget.

3

Her skriv du inn ytresogn.no og trykker enter.

4

No kan det komme ein pop-up omhandlande personvernsopplysningar. Då klikker du enten «samtykker ikke» eller «samtykke» og pop-up vindauget vil forsvinne.

5

Øvst på nettsida ligg ei raud linje med ulike val. Ved å klikke på MENY eller dei tre «stripene» til høgre opnar eit menyvindauge seg. Trykk på knappen «Logg inn»

6

No opnar innloggingssida seg kor du må fylle inn e-post-adressa knytta til abonnementet og tilhøyrande passord som du har fått av oss. Om du får problem med å logge inn er det alltid lurt å fylle inn e-post og passord frå start til slutt, og ikkje klikke på eventuelle forslag til e-postadresse/passord eller automatisk utfylling, då desse kan vere feil.

7

Pass på at alt er korrekt utfylt og klikk på «Logg inn».

Du er no logga inn på ytresogn.no og kan lese alle plusssaker og e-avisa (som du finn i menylinja).


Feilsøking

Her er nokre tips til kva du kan sjekke om du har problem med å logge inn på ytresogn.no.

Ofte er opne faner der ein er logga inn med eit gamalt innlogg, eller automatisk utfylling med gamle passord eller e-postadresser når ein forsøker å logge seg inn, årsaka til at ein ikkje får logga på ytresogn.no. Pass derfor på at du skriv inn heile e-postadressa og det gjeldande passordet manuelt før du trykker «Logg inn».

OBS: Du kan få nullstilt passordet ditt ved å trykke «Send nytt passord» på innloggingssida eller ved å kontakte oss.

Om du har gamle faner opne der du har vore logga inn med eit gamalt innlogg til ytresogn.no kan det blokkere for ditt nye innlogg. Pass derfor på at du lukkar gamle ytresogn.no faner før du prøver å logge inn med eit nytt innlogg.

Slik kan faner sjå ut på ei datamaskin:

Slik kan faner sjå ut på mobil (iPhone):

Slik kan faner sjå ut på mobil (Android):

Mange nettlesarar har val om å lukke alle faner, noko som kan vere greit å gjere så er du sikker på at du ikkje oversåg ei ytresogn.no fane med eit gamalt innlogg aktivt.

Om du framleis opplever problem kan du kontakte oss på telefon 57 71 45 90 eller hjelp@ytresogn.no.