Stilling ledig: Journalist/innhaldsprodusent
Tell Media AS søkjer ein journalist/innhaldsprodusent til arbeid i lokalavisa Ytre Sogn.
Ytre Sogn er lokalavisa for Høyanger, Hyllestad og nordre delar av Gulen, og har eit opplag på 1200 aviser. No søkjer vi etter ein ny medarbeidar til ei 100% midlertidig stilling ut 2022 som kan jobbe både redaksjonelt og med oppsett av innhald til trykk.
Primæroppgåver:
– Skrive tekstar og ta bilder til saker i Ytre Sogn på nett og papir.
– Sette opp redaksjonelt innhald til trykk i Adobe InDesign.
– Bidra til den digitale innhaldsproduksjonen vår (podkastar og YSTV).
Kvalifikasjonar og eigenskapar vi ser etter:
– Erfaring og utdanning innan journalistikk og/eller grafisk arbeid er eit pluss, men ikkje eit krav.
– Samfunnsengasjement og uredd tilnærming til å skape god lokaljournalistikk.
– Gode språklege ferdigheiter.
– Evne til å jobbe sjølvstendig, og med andre i prosjekt.
– Førarkort klasse B og tilgang på eigen bil.
Vi kan tilby spanande arbeidsoppgåver i eit nytenkande mediehus med ambisjonar for eige innhald og formidling, og store moglegheiter til å påverke eigen arbeidskvardag. Lønns- og pensjonsvilkår etter avtale.
Send ein søknad til post@tellmedia.no om du er interessert i jobben. Tilsetting snarast.