Silje er ein av ni i brannlaget, og det vil ho halde fram med

Silje Knutssøn er ein av ni frivillige som står for brannberedskapen i Ortnevik i Høyanger kommune. Beskjeden til justisministeren var at det vil ho halde fram med.
Silje Knutssøn jobbar som elektrikar offshore, og får mykje kursing i beredskap, tryggleik og førstehjelp gjennom jobben. Dette er vital kunnskap som ho tek med seg heim til Ortnevik til det frivillige brannlaget på sørsida.