Offisiell opning av barneskitrekket med pomp og prakt

Etter eit par helger med testkøyring av anlegget inviterte Siplo Skisenter og Høyanger kommune fredag til offisiell opning av barneskitrekket med kveldskøyring og litt ekstra festivitas, leik og moro. Og med nypreparert bakke, fullmåne og mykje folk vart det eit flott arrangement og opning av det nye skitrekket.