Hovudutval for næring har vedteke årsplan for 2023. Planen slår fast både korleis Vestland fylkeskommune skal utøve rolla si som samfunnsutviklar innan næring og innovasjon og set av over 20 millionar til ulike tilskotsordningar, som skal stimulere til nye idear og løysingar.