Smått er godt på Høyanger videregåande skule

Søknadsfristen på ulike videregåande linjer gjekk ut for nokre dagar sidan, og på Høyanger videregåande skule håpar dei på eit større inntak enn i fjor. Men dei som går der er sikre i sin sak – ein liten skule med små klassar har store fordelar.